Stykke av Johannes Buset i Tidskrift for Sunnmøre historiske lag, 22/23 (1935–1936). Lagt ut 23dje januar 2025.
(Her og der er eitkvart mistaket av prenteverket, men eg hev fyrebils late dei vera.)
Av John. Buset.
Alle bygdemåla på Sunnmøre brukar dativ, liksom mange andre målføre her i landet. I denne utgreidinga held eg meg umlag berre til målet på Vartdal; men i all hovudsak vil utgreidinga høva for heile Sunnmørs-målet.
Det var å vona at denne utgreidinga vilde auka kunnskapen um bygdemåla heime og på same tid vekkja sans og interesse for målføregransking. Eg hev prøvt å skriva henne so folkeleg og lettskynleg at lærarar og elles upplyste bondefolk skulde kunna lesa henne og ha gagn av lesnaden.
Av denne grunn hev eg late ute ymse vanskelegare ting som eg gjerne hadde vilja havt med i ei meir grundig og utførlig utgreiding um dette emnet.
Det gamalnorske målet var eit formrikt og formtungt mål. Men i den millomnorske tida (1350—1525) gjekk målet vårt gjenom ei snøgg og sterk utvikling. Det vart smått um senn ustødt i bøygningane, mange former fall burt. Heile formverket kom i støypeskeia. Fram mot midten av det 16. hundradåret er denne umveltninga mykje godt fråseggjord. Det norske målet stig fram frå eit formtungt til eit moderne formlett mål.
Men sume av dei gamle formene lever då framleides i mange av målføra våre, endå dei ser noko framande ut i den nye målbunaden sin.
Ei slik gamal form er dativen. Han var mykje bruka i gamalnorsken. No hev han kome heilt burt frå sume av målføra våre. Andre målføre hev kasta han ut i sume ordklassor, medan dei held på han i andre. Sterkast lever dativformene i namnorda.
Fyrst bør me merka oss kva tonelag dativforma hev. I målvitskapen talar dei um tvo slag tonelag, einstavingstonelaget og tvostavingstonelaget. Einstavingstonelaget hev me t. d. i bø’kå; tvostavingstonelaget i bo`kå. Båe desse formene er dativ fleirtal av ei bok. Dei vert bruka um kvarandre i Vartdalsmålet. Me brukar visse teikn som syner desse tonelaga. ’syner einstavings- og ` syner tvostavings-tonelaget.
Dativen finst so å segja berre i den bundne forma i eintal og fleirtal. Nokre få døme på dativ i ubunda form kan ein enno råka på.
Hankynsorda i dativ eintal endar på -a: gu’ta, sto’la, gje’sta, gra`nna, kjo`la, ha`gja, ma`gja. Døme: guten sat i stola, ho stelte med guta, han er låk i magja. På Nøre Sunnmøre endar dei linne hankynsorda i dat. eint. på -å: kjo`lå, ha`gå, ma`gå. Døme: han er låk i magå (dat. eint.) Soleis er det ogso i Romsdal og på Nordmøre.
Eitt hankynsord hev stundom tvostavings- og stundom einstavingstonelag. Det heiter soleis: han ligg burte på hol’ma (einstavingstonelag), eller: han lig[sic] burte på hol`ma (tvostavings-tonelag). Saka er at ordet kan heita ein holm (av gamalnorsk holmr), og dativforma i eintal fær då einstavingstonelag: hol’ma. Eller det kan heita ein holme (av gamalnorsk holmi), dativforma fær då tvostavingstonelag: hol`ma.
Dei hankynsorda som i nominativ ubunda form eintal endar på rotvokalen (ein bø, sjø, ljå, sko o.s.fr.), hev i dat. eint. endinga -nå: bø’nå (av ein bø), sjø’nå, ljå’nå, sko’nå, mo’nå, snø’nå, så’nå (av ein så), trå’nå. Døme: han rek på sjønå, han er skiten på eine skonå, det gjærer nede i sånå. Denne n-en i dativendinga er eit gamalt kjennemerke og syner oss samanhengen med gamalnorsken. Ordet bø (gamalnorsk bør) heitte nemleg i gamalnorsk dat, eint. bunda form bønum. Me ser at n-en hev halde seg fram til vår tid i dei hankynsord som endar på rotvokalen.
I dei andre hankynsorda derimot hev n-en falle burt. Ordet stol (gamalnorsk stoll) heitte i gamalnorsk dat. eint. bunda form stolinum. Denne gamle dativforma hev no vorte til den nynorske sto’la, som er ei mykje lettare og laglegare form.
Stundom kan ein høyra ei nyare dativform av desse orda på rotvokalen, men ikkje ofte: sko’a, snø’a, så’a, trå’a. Døme: han er skiten på eine skoa. Desse formene er yngre og hev laga seg etter mønster frå andre dativformer med endinga -a, jamlagingsformer. I alle målføra våre er det svært mange jamlagingsformer.
I dativ fleirtal endar hankynsorda på å: gu`tå, sto`lå, gran`nå, ha`gå, ma`gå. Døme: han var redd gutå, det var venskap millom grannå, han stelte vel i begge hagå. Legg merke til at det heiter hagja (uttalt ha`ja) med j i dat. eint., men hagå med »rein« g i dat. fl. Denne j-en i dat. er komen inn frå nominativ eintal : hagjen (uttalt haj`en).
I dat. fl. hev me elles ymse sideformer, helst ei eldre og ei yngre form: hom`brå og ham`(b)rå, do`lå og da`lå, go`rå og ga`rå. Dei ljodbrigda formene (hombrå, dolå, gorå) er dei eldste, men dei vert no trengde ut av dei nyare. Det er vel helst berre gamle folk som no segjer dolå og gorå. For ei tid attende sa dei ogso sto`då (av stad), kol`vå (av kalv), bok`kå (av bakke), nog`lå (av nagle), mon`nå (av mann). Eg hev høyrt forma bokkå i Norddal på Sunnmøre. Døme: me låg uppe i bokkå.
Utviklinga av desse orda er sværande forvitneleg. I vikingtida og kanskje fyrst i gamalnorsk tid hev dat. fl. ubunda form av dagr (nom. eint.) heitt dagum over heile Noreg. Men denne u-en i endestavinga verka på a-en i rotstavinga so han vart til o (ein slag å-ljod), altso dogum. Dette var i serleg mun eit vestnorsk drag. I austnorsk vart det framleides heitande dagum. Sermerkt for vestnorsken i gamalnorsk tid var det at han hadde u-ljodbrigde av a, når u stend i næste stavinga, medan austnorsken ikkje hadde dette brigdet. Vestnorsk: dogum, kollum, ollum, monnum. Austnorsk: dagum, kallum, allum, mannum.
For ikkje lenge sidan sa dei visseleg dogå (dat. fl. av dag) på Vartdal. Ivar Åsen nemner i Norsk ordbok forma dogå frå Sunnmøre. No segjer dei dagå på Vartdal, a-en i rota her hev kome inn frå nominativ fl. (dagar). Det ser ut til at det gjeng eit drag gjenom målutviklinga etter meir og meir einfelde både i ljodverk og formverk.
Ogso andre sideformer finst i dat. fl.: fo`tå (tvostavingstonelag) og fø’tå (einstavingstonelag), bo`gå og bøg’rå (av ein bog), vo`ttå og ve`ttå, sø`nå og sæ`nå, tå`ttå og tæ`ttå.
Legg merke til at men’nå, dat. fl. av ein mann, hev einstavingstonelag; men men`nå, dat. fl. av ein morgon, hev tvostavingstonelag. Aksentskilnaden her syner og samanhengen med gamalnorsken. Det fyrste er ei bøygningsform av eit gamalnorsk einstavingsord i nom. fl.: menn, det andre av gamalnorsk tvostavingsord: myrgnar (nom. fl.)
Ord som i nom. eint. ubunda form endar på rotvokalen (ein bø, ein ljå), hev ogso endinga -å i dat: fl.: bø`å, ljå’nå (ogso ljå`å), sko’nå, (sko`å), mo`å, så`å (sæ`å), trå`å (trå`då).
Hokynsorda hev i dat. eint. endinga -inne (med j-fengen n): skå’linne, byg’dinne, grei’ninne, vis`inne, gat`inne, tun`ninne. Desse formene syner sterkast samanhengen med gamalnorsk. Dat. eint. bunda form av skål (nom. eint. ubunda form) heitte på gamalnorsk skålinni. Me ser at den gamalnorske forma (skålinni) er mest heilt lik den nynorske (skålinne).
Døme på dativbruket no: poteta ligg i skålinne, han sat på greininne, han er redd rottinne:
Ord som endar på rotvokalen (ei krå, tå, klo, oy), skyt gjerne inn ein n framfor i-en: krå’ninne, tå’ninne, øy’ninne. Døme: han bur nord på Harhamsøyninne. Denne n-en tek elles til å koma burt. Det heiter vel oftast kråinne og øyinne. Folk segjer no alltid bruinne.
Dativ fleirtal av hokynsorda hev endinga -å: skå`lå, byg`då, vi`så, gå`tå, ro`ttå. Døme: Eg åt ta (ut + av) skålå, eg slost med rottå.
Sume ord hev dobbelformer i dat. fl.: bo`kå og bø’kå. (Legg merke til tonelagsskilnaden), ton`nå og ten’nå, ro`tå og rø’tå, bo`tå og bø’tå, hon`då og hen’då, stron`då og stren’då. Formene med o er dei eldste. Dei ljodbrigda vokalane hev kome inn frå nominativ ved analogi. Dativforma Bø’tå hev fått ø-en frå nominativ bøter, og den gamle dativforma bo`tå døyr ut. Det er lettare å ha same vokalen i båe former enn ulik vokal. Økonomiprinsippet i målutviklinga.
Nokre serlege idativformer hev me i sten’grå (dat. fl. av ei stong), ten’grå, tæg’rå, le’grå; r-en hev fylgt med frå nom.: stengre (nom. fl.)
Dei ord som endar på rotvokalen i nom.eintal ubunda form (ei ku, krå), dei hev og gjerne dobbelformer i dat. fl.: ku’nå og kjy’nnå, røn’å og ro`å, tæn’å og tå`å, kræ’nå og krå`å, skræ’nå og skrå`å. Ein kan ofte høyra um einannan: ho kom med kunå, og ho kom med kjynnå.
Inkjekynsorda hev i dat. eint. endinga -a: år`a, fa`ta, ba`na, be`lta, ep`la, ta`kja. Døme: det er ost i fata, ho steller med epla, ho gav bana mat.
Sume av dei ord som endar på rotvokalen (kne, tre, strå), kan få endinga -å i dat. eint. med ein n framfyre: kne’nå (ogso kne`a). Høyr skilnaden på tonelaget. Soleis ogso tre’nå og tre`a, strå’nå og strå`a, frø’nå og frø`a, ty’nå og ty`a. Hin kan soleis høyra: eg frys på høgre knenå, eller eg frys på høgre knea. Forma med n er den eldste og syner samanhengen med gamalnorsken. Ordet tre heitte i gamalnorsk dat. eint. bunda form trenu, denne forma hev vorte til den nynorske trenå. Den yngste forma trea er laga etter jamføring med dei vanlege dativformene på a, analogilaging.
Nyare lånord på -eri fær i dat. eint. stundom endinga -nå og stundom -a: meierinå eller meieria, garverinå eller garveria, rederinå eller rederia. Formene på -a er vel dei mest vanlege.
I dat. fl. fær inkjekynsorda endinga -å; å`rå, fa`tå, bon`nå, bel`tå, ep`lå, ta`kå (ogso takjå), la`gå (lagjå). Døme: ho stelte med bonnå, han arbeidde godt i ungdomslagå.
Dobbelformer: blo`då og bla`då, lon`då. og lan`då, vo`då og va`då, lo`då og la`då, los`så og las`så. Formene med rotvokalen o er dei mest bruka enno. Dei andre hev kome litt inn i aller seinaste tid. Ogso i nom. fl. dobbelformer: lond og land, lod og lad o.s.fr. I frumnordisk mål heitte nom. fl. ubunda form landu; ende-u-en verka på rotvokalen a so han vart til o og fall sjølv burt. Difor vart den gamalnorske forma lond, som me framleides hev. Sameleis gjekk det med rotvokalen i dativ.
Til vanleg heiter det kne’nå, tre’nå, strå’nå i dat. fl. Ein kan ogso høyra kne`å, tre`å, strå`å. Døme: det var åt på begge tre’nå, eller: på begge tre`å.
Dativen i ubunda form av namnorda er mest komen burt. Han finst i ymse tilstivna talemåtar: å hau`de, å lo`fte, å ra`me (av ram = labb, fot),: å en`de, av la`gje, av gar`de, av da`ge (Han kom av dage = han døydde), i sy`ne, i fat`le, i li`ve, i som`ne, på høg`de, på fer`de, på fo`te o.s.fr.
Dessutan finst dativ i ymse gardsnamn, serleg i grannebygdene til Vartdal: Sæ`tre, Skei`de, Fjel`le, Al`me, Vel`le, Me`le, O`se, Ho`le o. fl.
Det gamalnorske målet bruka ogso dativ i eigenskapsorda. No er dativen her umlag burtkomen. Han vert bruka berre i nokre få ordlag: med godå, med hardå, med vondå, ta nyå, for ollå. Døme: Du lyt taka guten med godå, det nyttar ikkje med har(d)å.
I nokre få tilfelle vert eigenskapsordet sett saman med namnordet i dativ: børrføttå, rongauå, t. d. å glose rongauå på honom, å gå børrføttå.
I dei personlege stadorda i 1. og 2. person eint. og fleirt. hev dativen og akkusativen runne saman til ei form. Døme: du slo me (akk.), han snakka med me (dat.), han såg oss (akk.), han leika med oss (dat.). Eg høyrde de (akk.), eg sit attmed de (dat.). Eg slo dokke (akk.), han tala med dokke (dat.).
I 3. person hev me ei serleg dativform i hankyn og hokyn. Her må me elles merka oss at me brukar dativforma ogso når me syntaktisk skulde venta akkusativforma. Døme: Eg såg hånå (trykktungt), eg såg ’nå (trykklett). Eg tala med hånå, eg talå med ’nå. Hev du set hinne (trykktungt), hev du set ’ne (trykklett). Eg sat attmed hinne, eg sat attmed ’ne. Merk skilnaden på trykket. I inkjekyn og fleirtal av 3. person hev me ikkje serlege dativformer.
Eigedomsstadorda hev dativ. Han er like eins i alle kyn og i eintal og fleirtal: minå (av min, mi, mitt, mine), dinå (av din, di, ditt, dine), sinå (av sin, si, sitt, sine), vårå (av vår, vår, vårt, våre. Døme: Han sit attmed morinne minå, du fylgde gjentinne dinå, han gjekk på veia sinå, me for til kjirkjinne vårå, han tala med gutå sinå, minå, dinå, vårå.
Men kjem stadordet fyre namnordet, er dativen heller ustød. Det kan då heita: me sit i vårå (dat.) kjirkje, eller: me sit i vår kjirkje. Du er i dinå hagje, eller i din hagje. Han ror i sinå båt, i sin båt. Eg fylgjer minå mor og du dinå, eller: eg fylgjer mi mor og du di. Det er vel enno mest vanleg å bruka dativformene i desse døma, men det ser ut til at dei minkar av millom ungdomen. Det er tvillaust at dei unge brukar ikkje so mykje dativ som dei eldre.
Det peikande stadordet hin hev og ei dativform: hinå. Døme: du fylgde hinå tausinne, hinå guta, hinå bana (dat. eint.). Eg sat attmed hinå gutå (dat. fleirt.). Dessutan hev eg høyrt ei dat. eint.form i alle kyn av det peikande stadordet denna, nemleg forma dissa. Døme: han for med dissa kjeppa.
Endeleg hev me dativ av det ubundne stadordet kvar: korå, sameleis i alle kyn og eint. og fl. Døme: ho kom med noko ta korå, han hadde ein svoll på korå hondå.
Ivar Aasen nemner nokrå, ingrå, aurå som dativformer i Sunnmørsmålet av dei ub. stadorda nokon, ingen, annan. Desse dativformene lever visst ikkje i Vartdalmålet no.
Sume av styreorda styrer berre dativ. Slike er:
frå og ifrå: Han kom frå Ørstinne, han for frå nybrota.
myllå (landsmål: millom): Han sit myllå manna og kjæringinne.
mot: Han tala mot storkarå, han røysta mot presta.
to, uto av ut + or (landsmål: or): Ho slo to byttinne, han åt to fata (d. v. s. han åt alt som var i fatet).
ta, uta av ut + av (landsmål: av): Han kom ta bya, eg høyrde det uta tauså, han var ta dissa folkeslagja.
onda (landsmål: undan): Det rann onda husa. Kalven er onda den kjyrinne.
åt: Det er passeleg åt gutå, eg fekk ’kje koma attåt borda. Styreordet åt brukar me ogso i eigedomshøve. Døme: Garden åt presta (helst prestegarden). Revane åt Dalingå.
Mange styreord styrer dativ i sume høve og akkusativ i andre. Dativ vert gjerne bruka med meininga på staden og akkusativ til staden.
itte (landsmål: etter). Dativ: Han gjekk itte veia, han slo itte bana, dei sit itte flinkheitinne, han gjekk itte saudå. (Siste doemet kan tyda tvo ting: er itte trykklett, so skulde han henta sauene; men er itte trykksterkt, so tyder det at han gjeng etterpå saueflokken). Akkusativ vert vanleg bruka um tida: Det var itte helgja, itte nyåre, itte preikå. Eg hev hendesvis ogso høyrt dativ i desse høve, t. d. itte nyåra, itte preikinne.
for (o-en her nærmar seg y). Dativ: Det ligg midt for fotå, han er til hjelp for foreldrå sinå, redd for bana sinå, gjette for odyrå o. s. fr. Akkusativ: Han la det for føtinne hass, ho hev fest seg for heile åre, takk for låne.
fyre. For og fyre vert bruka um einannan, for helst i trykklett og fyre i trykksterk stilling. Ofte vert fyre bruka samansett med eit anna ord. Dativ: Han stend framfyre hesta, han er fyre dei andre gutå, han gjeng nefyre hombrå; han gjeng frammafyre sledalærara. Akkusativ brukar me m. a. um det som peikar til staden: Han sette seg framfyre hesten (akk.); men: han sat framfyre hesta (dat.). Akk. ogso um tida: Han reiste fyre helgja, fyre jula, fyre vårvinnå (akk. eint.). Ustød er kasusen når tydinga er å stå fyre noko: Ho stod fyre hushalde (akk.), ogso: ho stod fyre hushalda (dat.).
i, ofte samansett med eit adverb: uppi, nedi, inni, uti o. s. fr. I trykklett stilling vert det pi av upp + i, ni av ned + i, ti av ut + i. Dativ når meininga er på staden: Han er inni husa, uppi fjella, ni bygdinne, burt i fjøsa, midt i vikimnne: Akkusativ når meininga er til staden: Han gjekk inni huse, uppi bygda, burt i fjøsen. Han gjekk uppi fjelle (akk., d. v. s. han gjekk uppetter fjellet); men: han gjekk uppi fjella (dat., d. v. s. han gjekk att og fram uppe i fjellet).
mæ (landsmål: med). Mykje samansett med andre ord. Dativ: han sat attmæ veia, attmæ kjirkjinne. Kom hit mæ bokjinne. Han bur mæ kongja. Han rausar mæ pengå, styrer mæ bonnå. Han et mæ skjeiinne.
Han var mæ kjirkjå (d. v. s. med ei viss kyrkje). Forma kjirkjå kan anten vera akk. eint. eller dat. fl. Desse tvo formene er plent like i Vartdalmålet. Kjirkjå kjem i det eine høve av gamalnorsk kirkjunum og i det andre av gamalnorsk kirkjan. I nemnde døme hev me akk., for mæ hev her tilstadtyding: han var me kjirkjå, d. v .s. han var åt kyrkja den dagen.
Ivar Aasen nemner i «Søndmørsk Grammatik» at mæ styrer akkusativ når det tyder nærved, og han nemner til døme: ned mæ sjøin, upp mæ garin. Dette høver ikkje med Vartdalmålet no. Me segjer: han bur tett ne mæ sjønå (dat. eint.), han sit upp mæ gara (dat. eint.).
Akkusativ vert bruka um tida: Det hende mæ helgja, det var finver mæ jula. Hev ogso høyrt ein hende gong: mæ helgjinne (dat. eint.), mæ julinne (dat. eint.); men dette er sjeldan.
på styrer dat. med tydinga på ein stad og akk. med tydinga til ein stad: Boka ligg på borda (dat. eint.), legg boka på borde (akk. eint). Det er midt på nattinne (dat.), det lid langt på natta (akk.).
På styrer ogso dat. når det stend i eigedomshøve: Taket på lødinne, lauvet på treå (trenå).
Likeso dat. um kjennemerket: Eg kjenner han på måla, det syner på trøyinne dinå. Eg såg det på tauså (dat. fl., obj. det er då med) ; men: eg såg på tausinne (akk. fl., utan obj.). Høyrde det på gutå (dat. fl.), høyrde på gutane (akk. fl.). Sparde det på mata (dat. eint.), sparde på maten (akk. eint.).
Han var ut på øyane (akk. fl. d. v. s. var ein tur ut og kom snart att), hamn var ut på øyå (dat. fl., d. v. s. budde der ute), var på buda (d. v. s. so snarast), var på budinne( d. v. s. heldt seg der).
ponde av upp + under; stundom ogso onde, helst i figurleg meining.
Dativ på staden: Det ligg ponde bora, det heng burt onde budinne, ekserte onde kapteina, jorda låg onde Borgundkjirkjinne.
Når meininga er «mindre enn» styrer onde dat.: Han selde det onde fjorspriså, det er onde rette verdia.
Akkusativ til staden: Legg det ponde borde ,heng det burt onde buda, han gav seg onde kapteinen.
ti, open i (landsmål: til). Dette styreordet tek ofte til styring eit namnord i ubunda form: Me skal ti kjirkje, dei var svært ti kara (akk. fl. ub. form.).
Ofte tek det også genitiv, liksom det gjorde i gamalnorsk: ti havs, ti lands, ti fjells, ti manns o. s. fr.
Men i sume andre høve styrer det dativ: Han for ti bya, ti Longevågja, ti Hareidskjirkjinne. Det vert kaldt ti nattinne, ho skal flytta ti vå`ra (dat. eint.), merkeleg at det her er tvostavingstonelag, truleg kjem det av at ordet var inkjekynsord i gamalnorsk. Eg hev ogso høyrt: ho skal flytta ti vårs (genitiv). Kan ogso høyra: ho skal flytta ti vå’ren (akk.). Ho skal i tenest til hau`sta (dat.), ho skal i tenest til hau’sten (akk.). Styreordet ti vert ikkje bruka i eigedomshøve i Vartdalmålet.
um styrer til vanleg akkusativ; men i eitt høve ogso dativ: Han kom um kveldå, um dagå um nætå; um mennå, um sum(b)rå, dativ når styringa stend i fleirtal.
Men: han kom um kvelden, um dagjen, um natta, um morgonen, um summaren, altso akk. når styringa stend i eintal.
Hev ogso høyrt: dei sat kringum bora (dat. eint.).
yve (landsmål: over, yver). Lampen heng yve bora, læraren rår yve bonnå, dativ med påstadstyding.
I alle andre høve styrer yve akkusativ.
I sume høve gjer adverbet tenest som eit styreord. I røynda hev det stade eit styreord etter adverbet; men hev so kome burt, og adv. hev overteke styreordtenesta. Slike adv. er:
bak. Dat.: han er bak husa, bak trea. Akk.: han for bak huse, bak tree. Dat. på staden, akk. til staden.
ront (landsmål: rundt). Dat.: dei sit ront bora (ogso bore). Akk.: dei sette seg ront bore.
longs, alltid med dativ, oftast kjem styreordet mæ (med) etterpå: Han gjekk longs fjella, longs (mæ) strandinne.
nær, alltid dativ: Han stod nær glasa, han rodde nærare landa, nærast vikjinne.
Fråstadsadverba på —a (— an) tek dat. i Vartdalmålet: Han kom ova fjella, neda bygdinne, vinden stend utta hava, kom nåra Finnmarkjinne, synna øyå (dat. fl), vesta Tampa, austa Flåskalla, burta ækrinne, heima gara, framma dala. Stundom vert desse adverba sette saman med styreordet frå, men ikkje ofte.
Etter nokre få eigenskapsord hev me og dativ:
lik’e og olik’e: Ho er like fara, like morinne, han er olike brora, olike systrinne.
ræd’de og oræd’de: Han er rædde honda, rædde kjyrinne, du kan vera orædde uksa. «Rædde for» og «orædde for» tyder noko anna.
skjyld’e: Han er skjylde den manna; ogso høyrt: skjylde den mannen (akk.)
skuldige: Eg er skuldige kjæringinne ei krone. Eg er skuldige karå stor takk.
Han gjorde manna tillags, det gjekk gutå vel (godt, ille o. s. fr.), det gjekk tauså imot, det høyrer kjæringå (dat. fl.) til, han gjorde bøndrå (dat. fl.) imot. Desse døma på dativbruk er noko uvisse, eg hev ogso høyrt akk. i sume av desse tilfelle, t. d. han gjorde bøndrinne (akk. fl.) imot.
Elles brukar me helst å segja desse meiningane med styreord 2g styring: det gjekk vel med gutå, det høyrer til kjæringå, o. s. fr.
Det ser ut til at dativbruket held på og minkar etter verba i Vartdalmålet. Det var fleire verb fyrr enn no som bruka dativ i sidelekken. Akkusativen tok no romet. Mange av døma nedanfor er tvilsame. Dei kan stundom brukast med dativ og stundom med akkusativ. Slike verb som kan taka sidelekken i dat. er m. a.: å by — ho baud guta mat, å feile — det feiler klokkinne eit kvart, å forby — ho forbaud gutongja det, å fortelje — ho fortalde gutå (dat. fl.) ei soge (her vilde me helst bruka akk. fl.: gutane), å gi — gav bana mat, å kjøpe — kjøpte (kjøfte) fara (faren) ei huve, å love — lovde bonnå ei gåve, å skulde — skuldar tenesttausinne pengar. Nokre fleire slike verk kan ein ogso finna, t. d. byggje, syne, sende o.s.fr.
I denne samanheng kan eg og nemna dei intransitive verba hende og verte: Det hende gutå noko ille, det vart tauså eit kvart.
Slike gjerningsord hev me heller ikkje mange av i Vartdalmålet no. Kasusen er noko ustød, snart dativ, snart akkusativ. Gjerningsord som kan få dativobjekt er m. a.: hjelpe — ho hjelpte guta, lyde — han lydde foreldrå (dat. fl.), ogso foreldra (akk. fl.), fylgje — han fylgde tauså, likjest — han likjest fara, passe — klæda passar guta, ogso guten.
Det mest vanlege i Vartdalmålet er å setja gardsnamnet fyre døypenamnet: Sæss-Lars (han Lars som bur på garden Sætre), Grønvet-Lauris, Rime-Ola, Voll-Edvart o.s.fr. Men i sume høve set ein gardsnamnet i dat. bunda form etter døypenamnet. Døme: Ola Erdala (dat. eint. b. form av Erdalen), Hans Grøyvikjinne, Johan Olai Håvollå (dat. fl.), Anders Årsetrinne, Jo Åsa, Ola Hammara o. m. fl. Framfor desse gardsnamna hev det vel stade eit styreord som kravde dativ. I slike høve hev styreordet kome i trykklett stilling og kunde då lett falla burt; men dativen i namnordet vart framleides ståande som før. Døme: Hans i Grøyvikjinne, i-en styrer i dette høvet dativ, so det måtte heita Grøyvikjinne (ikkje Grøyvikja). Når so i-en kom i trykklett stilling, fall han meir og meir burt, men dativforma (Grøyvikjinne) vart likevel verande att.
Merknad:
Eg hev i denne utgreidinga nytta nemninga akkusativ fleire gonger. Men som dei fleste veit, finst det inga serleg akkusativform av namnord i norsken no. I dei fleste høve er det vel nemneforma (nominativen) som hev trengt undan akkusativen og teke plassen hans. Det vilde difor ha vore rettast kanskje at eg kalla »akkusativforma« nemneforma, endå um det syntaktisk er ei objektform. Likevel valde eg å bruka nemninga akkusativ um dette historisk-syntaktiske tilhøvet.
— Johannes Buset